Svar #1. Postet 07.04.2021 kl 20:52 av
harding.
Hei
Du kan no begynna med å sjå dette programmet, om det skulle vera ukjent og evt ha interesse:
https://tv.nrk.no/serie/i-gamle-spor/2004/PRHO85008303/avspill
Eg var med på kløvtur over Hardangervidda i 2000. 60-70 hestar frå Solheimsstulen til Eidfjord i Hardanger. Vi brukte ei veke. Vi gjekk, og ikkje sat på hesteryggen som i ein del av programmet her.
På austvidda var det lett å gå, på vestdelen meir kupert og gnaske bratt ned til fjorden. Er du vane med å gå i fjellet så er dette ein overkomeleg tur, men alt kjem sjølvsagt på kor mykje du har å bera. Har du hest som kan bæra det meste, så er det reine "ferien". Er elvane store så kan det vera ei utfordring å kryssa dei der du må. Alt kjem an på nedbøren som har vore før og under vegs (dette veit du sjølvsagt).
Endre Lærgrid i Eidfjord kan vera ein mann å kontakt. Han veit det meste om slepene. Ein annan som har lang erfaring med å gå på vidda, om han har gått slepene veit eg ikkje, men det kan kanskej vera tips å henta på bloggen hans: Bjarnes turblogg (søl på Google).
Det er snart 11 år sidan den turen og hugsar ikkje så mykje i detalj. Eg kom med i siste liten og kom på ein måte til dekka bord iallfall når det galdt førebuinga med hest og kløv. I tillegg hadde i oppgåve å filma ein god del, så dagen var ganske hektisk til tider.
Den sommaren var det mykje regn, men nett den veka vi var på tur hadde vi stort sett godt ver. Det verkelege regnet kom den nest siste dagen på veg ned mot fjorden.
Mvh
Bjørn